Open-uri20131011-2-1amipvr_thumb

Øystein Espe Bae

Prosjektleiar, Norsk barnebokinstitutt

Oslo

Øystein Espe Bae

Skrivar og lesar (f. 1984) med bakgrunn i nordistikken. Jobbar for tida fullt som prosjektleiar for Norsk barnebokinstitutts nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge, så frilansinga er lagt på is enn så lenge. Følg meg gjerne på twitter/insta @espebae

Oliver-1_profile

Same same, men annleis likevel?

Trass ein lukkeleg slutt: Under det enkle, men velfungerande plotet, og dei sarte illustrasjonane, lurer ei spaning mellom verbaltekst og illustrasjonar, som trugar med å underminere bokas innleiande påstand om at Oliver skil seg frå andre.
Barnebokkritikk Link to Story
Open-uri20130701-2-11zxhl9_profile

Ministeren som ingen kunne målbinde

Du har sagt fleire gonger at «ein ikkje har røter, men føter». Men fungerer det slik når det gjeld språk? – Språket er noko eg har med meg i bagasjen, og då kan eg bruke språket som verkty i ulike situasjo- nar. Det er til sjuande og sist ikkje språket som definerer meg, men det er på alle måtar ein del av den eg er. Ein bruker språket forskjellig når ein vil bli teken seriøst som statsråd, eller viss ein vil bli sett på som hipp og kul. – Eg vil gjerne vere begge deler, forklarer Tajik. Ho ler, plasserer drua ho har fikla med ei stund i munnen, og fullfører tanken: – Ingen er berre ein ting, alle har samansette identitetar.
Språkåret 2013: Språkmagasinet Link to Story
Luca_1_profile

Transformatoren

Luca (26) opplever seg som mann, men er språkleg ekskludert fordi han manglar penis. I passet står det framleis "kvinne". – Eg kallar meg ofte det nye ordet "transmann", for å streke under at eg er ein mann. Når eg då får spørsmål om eg "eigentlig" er ein mann, er det vanskeleg for meg å svare.
Framtida.no Link to Story
Open-uri20130701-2-i24xi4_profile

Generasjonen som treng ei motstemme

Om GIRLS tek vare på dei runde karakterane i neste sesong, kan Lena Dunham (26) vere med på å forme kroppsoppfatninga til ein heil generasjon jenter. Det trengs.
Tidsskriftet Fett Link to Story
Open-uri20130701-2-o51dde_profile

Marie Takvam

Takvam skreiv seg inn i og vidareutvikla ein allereie eksisterande nynorsk vitalismetradisjon, der erfaringa og opphøginga av ei slags urkraft, kroppsleg instinkt og intuisjon står i motsetnad til rasjonalitet, intellekt og modernitet. Litterært sett plasserte Takvam seg slik tett opp mot den kanskje viktigaste forløparen og representanten for vitalismen, landsmålsdiktaren Kristofer Uppdal (1878–1961). I mange av dikta hennar kjem det òg til syne ei trassig livskraft og eit livsnytande, erotisk subjekt som snur opp ned på religiøse ritual på ein karnevalistisk måte.
Allkunne.no Link to Story
2484624_h4c889c74e92d1ad9f98d_v1376895840_647x_profile

– NAV-brukarar er nakne i møte med staten

UiO-studenten forska på språkbruken i NAV i fjor vår, med mål å finne ut korleis språket kan bli brukt på ein meir demokratisk måte.
Framtida.no Link to Story
Open-uri20130701-2-bb45j_profile

–Det er rett å ta vare på dialekten sin

Vi køyrer vestover på heilt einsame vegar, forbi Ljoshaugen, Slåstugu, Tverrbygda og Hågålykkja, før vi endeleg får lokka ein gjeng dampande elevar ut frå gymsalen i Skåbu. Her, i Noregs høgastliggjande bygdesamfunn, bur vinnarane av fjorårets Nysgjerrigper-pris i kategorien språk. Når frostrøyken får lagt seg, har vi alt blitt kjent med fleire av dei prisvinnande språkforskarane – Simen, Ingrid, Sondre og Ruth. Ein sprudlande formidlingstrong kjem fram rundt bordet – bak ein stadig krympande haug sjokoladekjeks og raud saft. Er de meir nysgjerrige her i Skåbu enn andre stader? – Ja, det trur vi absolutt, kjem det kontant frå dei fire framstormande forskarane.
Språkåret 2013: Språkmagasinet Link to Story
Bovara_profile

Det vakraste i det styggaste

Heile romanen er eit raudsvart mørkerom, men mellom linjene skimrar lyset av og til, og lukkast med å gjere biletet enda svartare enn det eigentleg var. Flori arbeider i hagen saman med Frrok, og dei har noko styggvakkert saman: Dei gravlegg små born som landsbyen ikkje vil ha noko med å gjere, og i same jorda dyrkar dei bognande epletre. Epla vert berarar av noko vakker og syndig på same tid, som teke frå ei eller anna bibelsk historie eg nesten har gløymt namnet på. For slik er det når ein les bøker som dette: Ein klarer ikkje å gå utanom romanuniverset for å hugse. Alle andre epleanekdoter verkar irrelevante når ein først har kome innanfor dei trykkande klostermurane til Leikvoll.
Magasinett.no Link to Story
17_20-_20sort_20hvit-1_profile

Verdien av ungdomslitteraturen

Er litteratur for ungdom like mykje verdt som litteratur for vaksne? Slik har det ikkje alltid vore, men dette synet på ungdomslitteraturen er i ferd med å endre seg
Framtida.no Link to Story
Open-uri20130701-2-1ha6p89_profile

Utan eigentlege provokasjonar

Målet med debattboka Sånn er det bare er at lesarane skal reagere så sterkt at dei «kaster boka i veggen». Det er det tvilsamt om boka klarer å få til. (...) Sjangermessig føyer boka seg inn i ein lang danningstradisjon i skulen, der oppskrifta er velkjent både for elevar og lærarar: Den demokratiske elden skal tennast inne i den typisk dorske eleven ved å fore han med spørsmål og ulike stemmer frå storsamfunnet; radikale og konservative meiningsmotstandarar i politikken, minoritetar og andre randsoneindivid. (...) Illustrasjonane og den grafiske utforminga tek òg sikte på å snu opp ned på slikt vi tek for gitt i verda med ein type fargerik surrealisme. Intensjonen er forståeleg, men sett under eitt så står illustrasjonane likevel i fare for å «friske opp» i så stor grad at det bikkar over i det banale. For målgruppa framstår boka visuelt sett som eit sprelsk, men litt for barnsleg tøysete fargekalas. På sitt beste bidreg teikneserieskaparane Jorun Hanto-Haugse og Vantina Andreassen likevel til å skape nye samanhengar og opp-ned-blikk ved å overføre meiningsinnhald frå eitt område til eit anna.
Barnebokkritikk.no Link to Story
9191473674_999c1d276d_profile

Politisk grønvasking

– Vi har den kunnskapen vi treng for å ta stilling, moralsk sett. Det einaste ei konsekvensutgreiing vil tilføre, er at det då inngår ein juridisk opningsprosess for petroleumsverksemd.
Framtida.no Link to Story
Instagram680_profile

Deler nakenbilete på Instagram

Biletdeling-appen Instagram har over 80 millionar brukarar frå 13 år og oppover. Mange av dei opplasta bileta har pornografisk innhald.
abcnyheter.no Link to Story

About

Øystein Espe Bae

På pressfolios.com legg eg ut eit lite utval journalistiske tekstar eg har skrive dei siste par åra, i seks ulike sjangrar.

Forutan å skrive slike ting på frilansbasis, jobbar eg også med å undervise i norsk på ein vidaregåande skule i Oslo. Fram til nyleg har eg òg jobba som høgskulelektor i norsk litteratur, manuskonsulent og språkvaskar for ulike forlag. Sidan sommaren 2013 har eg òg jobba i redaksjonen til Minstemme.no.

Masteroppgåva i Nordisk litteratur mi ved NTNU skreiv eg om Carl Frode Tillers Innsirkling, men eg fekk òg tid til å fordjupe meg i mastergraden i Nynorsk skriftkultur på Høgskulen i Volda undervegs.

Open-uri20131011-2-1amipvr_profile_large

Skills

  • Tekstarbeid
  • Internett
  • Sosiale medium
  • Asosiale medium
  • Publisering
  • Formativ respons
  • Summativ respons
  • Språkvask
  • Korrektur
  • Omsetjing
  • Bokmål/Nynorsk
  • Redigering
  • Kreativ skriving
  • Didaktikk
  • Utdanning
  • DJ-ing
  • CMS
  • Photoshop
  • Indesign
  • Undervising
  • Formidling
  • Kommunikasjonsarbeid